Forrige blogginnlegg handla om ei mystisk lukt i skapet. Eg vaska godt overalt, men fann ingenting som burde lukte salami... Dei siste dagane har vi måtte vaske skapet IGJEN! Men ikkje på grunn av salamilukt.. Du skjønna, i løpet av jula har vi fått nye samboera her i Eilert Sundts gt. Desse var ikkje invitert, og er noken ekkle små kryp; MELMIDD og LARVER! Mens vi har vore på juleferie å ant fred og ingen fare, har enkelte storkosa seg i skapa våre, og holdt på med usømmelige aktiviteta i mel- og kornprodukta våre. Snakk om familieforøkning!
Vi har kasta fleire hyller med mat, støvsugd og klora alle tenkelige plassa! Det positive med heile greia er at vi har fått vaska ned og rydda, men eg kunne gjerne vore foruten dei larvane... Frå no av kjeme eg til å studere mjølet og frokostblandinga i minst fem minutt før eg tørr å ete av den... Flaksande og kravlande melmidd gjer inntrykk!
Marte støvsuga hyllene...
og Mette vaska etterpå.. Klorinen har blitt en meget god venn dei siste dagane... Leiligheten lukta rett og slett svømmehall!
Og som om det ikkje va nok med melmidd, larva og nedvask, har oppvaskmaskina vår bestemt seg for å slutte å virke.. Noken som sa uflaks?
Ellers ser vi lyst på livet, og satsa på at det blir ett bra 2009!