fredag, februar 08, 2008

Salami i skapet??

Eg lure fælt på om noken har planta ei salamipølse i kjøkkenskapet... Det lukta iallefall salami kvar einaste gang eg opna skapdøra, og i dag smakte 4korn'en min akkurat sånn det lukta. Eg har leita gjennom både hylla mi og Trine sine, uten å finne noke som kan lukte salami.. Eg tippa det e Trine som har vært ute å gjort spikk før ho reiste til Mexico i sju veke. Nesten som rekespikket på Fredtun!

Ser du noke som lukta salami?
Sia sist blogginnlegg har Trine og Marte reist til det store utland, so det e tomt og trist her i leiligheten uten dei. Men eg har Marianne og psykologioppgåva mi, so det går veldig bra! Dagane går fort å det e ikkje lenge til påske.

Marte klar til avreise!
Vi måtte låne badevekt med naboen for å finne ut kor masse bagasjen til Marte vegde...det var trist og hardt å måtte legge igjen både hårspray og saltvannsspray.

Forrige veke var eg på hyttetur med Eli og Margrete frå Diakonova. Det var veldig koselig! Uværet Tuva fiksa snøstorm, so det blei lite skitur og masse hyttekos! Vi brukte stort sett tida på å ete sjokolade, god middag, ciabatta med eggerøre, litt meir sjokolade, høre musikk, sjå home and away, slappe av og ete endå meir sjokolade. Akkurat sånn en hyttetur skal vere!

Flinke kokkar!
Pose pose..
Eli vurdera å bli modell..